PÅKØYRDNyhende

Braut vikeplikta og køyrde på syklist

Ein syklist vart i 17-tida onsdag ettermiddag påkøyrd ved bensinstasjonen på Svortland. Bilen som trefte han, braut vikeplikta.

AV Nils-Tore Sele
Publisert
Oppdatert:

Politiet melde onsdag ettermiddag på twitter at ein syklist er påkøyrd på Svortland. Hendinga skjedde ved bensinstasjonen i sentrum.

Syklisten var medviten og vaken etter ulukka, og vart frakta i sjukebil til Stord sjukehus.

Politiet melde seinare på kvelden via twitter at føraren av bilen som køyrde på syklisten, ein mann i slutten av 50-årene, var avhøyrt av politiet og hadde erkjent brot på vikeplikta. Førarkortet hans vart beslaglagt. Syklisten, ein mann i slutten av 30-åra, vart avhørt på Stord sjukehus. Han har ingen brot etter samanstøyten men er kraftig forslått. Politiet opprettar sak.

Kommentarar frå lesarane

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.