26 vitjande frå fem land:

Internasjonal vitjing på Bømlo vidaregåande skule

– Det blir trist å ta farvel, for me har hatt det så kjekt her. Eg likar Noreg, seier Roberto Mozzá frå Napoli i Italia.

AV Håvard Hammarstrøm
Publisert
Oppdatert:

16 elevar og ti lærarar frå fem europeiske land vitja i førre veke på Bømlo, igjennom det EU-finansierte utvekslingsprogrammet Erasmus+. Fredag var det avslutningsmiddag, med tradisjonelle rettar frå alle landa.

Klare for Europa

– Bømlo vidaregåande skule (BØV) er med i eit opplegg kalla «Getting equipped for Europe», saman med skular frå Spania, Hellas, Italia, Bulgaria og Slovakia, seier assisterande rektor Rebecca Hildebrandt-Paulin.

Når alle seks landa har hatt utveksling, skal deltakarane skal ha fått ny kunnskap om korleis det er å jobbe og utdanne seg i Europa. Det å ta i bruk den europeiske arbeids- og utdanningsmarknaden.

Å treffast, bu i vertsfamiliar og oppleve kvarandres kultur og levesett er viktig. Arbeidsspråket er engelsk, og elevane har løyst gruppeoppgåver.

Dette var tredje utvekslinga av seks i det toårige prosjektet. Tidlegare har fire elevar frå BØV vore i Athen, og fire andre har vore på Tenerife. Til hausten går turen til Bulgaria og Slovakia. Til slutt ventar Italia.

– Trist å reisa heim

Dei vitjande fortel om ei kjekk veke i Noreg. I tillegg til å sjå mykje av det grøne Bømlo og vitje Bømlo vatn- og avløpsselskap (BVA) har dei vitja Bergen, vore på museum og på Fløyen.

– Dette har vore ei flott oppleving. Naturen er vakker, maten er god og folka trivelege, seier Mauro Russo frå Napoli.

– Det var moro å reisa til Bergen, seier Domenico Lanzante.

– Ei fantastisk oppleving, og eit minne for livet, seier lærar Lucia Russo.

Saken fortsetter under annonsen.

Kjekt med besøk

BØV-elevane Mari Gåsland og Dominyka Januzyte har hatt kjekke og innhaldsrike dagar med vitjande frå Athen hos seg.

– Me har fått oppleve masse, og har synt fram mykje av Bømlo, seier Dominyka.

Veldig kjekt. Det har nesten ikkje vore nok dagar. Me ville syne fram så mykje, seier Mari.

– Det har blitt mykje engelsk?

– Ja, no byrjar me nesten å snakka engelsk automatisk, svarer Mari med eit smil.

– Veldig kjekt! Folk her har vore veldig gjestfrie, seier Zenia Kofina frå Athen.

– Me har vore på fotturar. Det er vakkert her, seier Vasilim Baloumi, også ho frå Athen, i det dei ska gå til bords.

 

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Les også

Kommentarar frå lesarane

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.