Dyrevelferd:

Jobbar som profesjonell «hundekosar»

Vibeke Gåsland har ein koselegare jobb enn dei aller fleste.

AV
Publisert

I fem år har Vibeke Gåsland frå Urangsvåg, jobba frivillig på Solplassen, som er ein kvile- og omplasseringsheim for hundar.

 

Passar på

Ei av oppgåvene hennar er å dele ut kos og omsorg til hundane som er på garden.

– Eg kom i kontakt med Solplassen fordi eg ønskte meg ein hund til. Sidan det er mange hundar som har behov for ny heim, ville eg heller skaffe meg ein omplasseringshund, i staden for å støtta produksjonen av fleire, seier Gåsland

Ho fekk ny hund i tillegg til at ho starta frivillig som «hundekosar», på Solplassen

Gåsland har alltid vore glad i hundar, og sidan ho ikkje har kapasitet til ha meir enn to hundar sjølv, synest ho det er eit bra alternativ å bidra som frivillig på Solplassen.

– Ved å jobba på garden får eg bidra til at fleire hundar får det godt og får gode liv, seier Gåsland engasjert.

Jobbar for dyrevelferd

Vibeke Gåsland vil gje nytt liv til så mange hundar som mogleg. Her med hennar eigne hundar Dino og Rubi.

Fritid

Marianne Øyen starta Solplassen. Ho er utdanna jurist og jobben med og på Solplassen skjer på fritida.

Det heile starta i 2001 då ho arva ein del pengar og fekk høve til å kjøpa eit nedlagt småbruk, 30 minutt utanfor Oslo. Ho pussa det opp og starta ta i mot eldre hundar.

No er det nokre hundar som bur fast på småbruket, mens andre kjem inn og er der ei stund før dei blir omplasserte.

– Det fungerer som ein gamleheim og omplasseringsheim, opplyser Gåsland.

Det er spesielt viktig for dei hundane som bur der fast, at dei får like mykje omsorg og selskap som i ein vanleg heim.

– Dei skal ha stell, kos, omsorg, tur og alt ein hund må ha, fortel ho.

Dei hundane som bur der fast er anten for gamle, har utfordringar som kan gjera at dei ikkje kan bu i vanlege heimar, eller for sjuke til at dei kan bli omplasserte.

Når Vibeke er på jobb på Solplassen, er ho der ifrå eit par timar til eit døgn eller ei helg.

– Ein skal leva så normalt som mogeleg når ein er på garden. Ein lagar mat, går på tur og steller med hundane, opplyser Gåsland, som jobbar som vernepleiar til dagleg.

Bømling

Solplassenhunden Billy blei tilslutt bømling.

Saken fortsetter under annonsen.

Ein flokk

Då Øyen starta opp garden, var det viktig for henne at det ikkje var som ein vanleg kennel der hundane er mykje i bur. Dyrevelferd står sterkt, og på Solplassen går alle dyr fritt.

– Målet til Marianne er at dyra skal ha det veldig bra og ikkje oppstilt som på ein kennel. Alle dyra går lause som i ein flokk, fortel Gåsland.

Ho seier at Øyen brukar all fritid og store summar for å byggje dette tilbodet opp.

– Det er ingen som får pengar for å jobba på Solplassen, ikkje Marianne heller. Ho brukar i tillegg pengar som ho får som jurist til å dekka utgifter på Solplassen, seier bømladamo.

I nærkontakt med hundar haustar Gåsland mange gode opplevingar.

– Det å få bli kjent med dei ulike hundane er veldig spesielt. I tillegg har eg hatt ein del hundar i fosterheim. Mange av dei hundane kjem ifrå vanskelege kår og at hundane forandrar seg i tråd med at dei får det godt og rett stell, er ein flott ting, fortel Vibeke. I tillegg skryt ho veldig over det gode miljøet på Solplassen.

– Det er veldig sosialt og triveleg på garden.

Nytt liv

Rubi som Vibeke fekk frå Solplassen i lykkeleg sprang på bakkane på garden.

TV-serie

Livet på Solplassen er blitt tv-serie, som blir vist på tv no. Det er Ingunn Seljehammer, som står bak serien. I kvar episode får me følgja to hundar frå dei skil lag med noverande eigar til dei flyttar inn hos nye.

I tillegg får me eit innblikk i alt anna som skjer på garden og drifta rundt.

– Serieskaparen ville laga ein serie om dyr og dyrevelferd og kom i kontakt med Marianne. Då såg Marianne mogelegheita til å formidla bodskapet om at folk vel omplassering i staden for avliving, fortel Gåsland.

Marianne Øyen ønskjer at alle hundar skal få høve til å bli omplassert, og sjølv om hunden er gammal kan den få det godt i ein ny familie. Difor blei ho med på serien.

Vibeke er også ei av dei som me får sjå i aksjon på tv.

– Eg hadde ikkje veldig lyst å bli filma, men eg tenkjer at bodskapet er viktigare enn meg, så då får det heller våga seg at eg er med, sluttar Vibeke Gåsland og ler.

stine@bomlo-nytt.no

Solplassen

 

  •  Kvar 5. nordmann har hund.
  •  På Solplassen er det plass til maks 15 hundar.
  •  Målet er å gje nye og gamle hundar eit nytt liv.
  •  Det er sirka 20 personar som jobbar frivillig som «hundekosar»
  •  Dei som ikkje kan omplasserast får bu fast på Solplassen.

Kommentarar frå lesarane

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.