Viking LadyNyhende

Ny kontrakt til «Viking Lady»

Aker BP har skrive eittårskontrakt med Eidesvik Offshore ASA for «Viking Lady»

AV Håvard Hammarstrøm
Publisert
Oppdatert:

Det melder Eidesvik Offshore ASA måndag føremiddag. Bakgrunnen for tildeling av kontrakten er den treårige rammeavtala mellom selskapa som vart inngått nyleg.

– Kontraktsperioden er for 12 månader med umiddelbar oppstart, med høve til forlenging utover den fastsette periodea, heiter det i børsmeldinga. Administrerande direktør i Eidesvik Offshore ASA, Jan Fredrik Meling, er glad for kontrakten.

– Me er svært nøgde med at «Viking Lady» blir ein del av den operative flåten til Aker BP, og me ser fram til å vidareutvikle samarbeidet under rammeavtala som me har inngått, sier Meling.

Les også

Kommentarar frå lesarane

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.